Sunnfjord Geo Center gjev deg nye moglegheiter!

Sunnfjord Geo Center har kontor i Stongfjorden, Bergen, Førde og Bodø.

I tillegg tilbyr vi heimekontor/nye kontorlokalitetar i andre delar av landet.

Vår geotekniske avdeling består i dag av 3 personar og oppdragsmengda er aukande på landsbasis.

Vi søker no etter geoteknikarar som kan vere med å bygge denne avdelinga vidare. Kvar geoteknikar hos oss får ta stor del i utviklinga av SGC sine leveransar, utvikling av nye marknadskonsept, utarbeiding av samarbeidsformer med eksterne aktørar, investering i utstyr og programvare ol. Vi disponerer eit geoteknisk boretårn (for bl.a. gravemaskiner) og vi planlegg vidare er å etablere eit geoteknisk laboratorium.

Av daglege oppgåver vil stillinga innehalde:

  • geoteknisk prosjektering; vurdering av stabilitet og setningar, prosjektering av byggegroper, fundamentering, drenering, prosjektering av spunt og peling og stabiliserande tiltak
  • datamodelleringer med bl.a. Geosuite og Plaxis
  • feltundersøkingar over heile landet
  • planlegging og gjennomføring av grunnundersøkingar
  • utarbeiding av datarapportar
  • organisering av laboratorieundersøkingar og tolking av resultatet frå desse
  • områdestabilitetsvurderingar i samsvar med rettleiaren til NVE
  • kvalitetssikring av rapportar og andre leveransar
  • generell rådgjeving og kommunikasjon med våre kundar

Din bakgrunn

Vi vil gjerne knyte til oss både nyutdanna og erfarne geoteknikarar. Som kollega er du sjølvstendig og engasjert. Du er fagleg dyktig og interessert i nye problemstillingar. I SGC vil du få ei sentral rolle i den videre utviklingen av selskapet.

Du har:

  • sivilingeniørutdanning/mastergrad innan geoteknikk
  • fortrinnsvis geoteknisk arbeidserfaring
  • god kjennskap til NVE sin kvikkleirerettleiar
  • kjennskap til relevant programvare, td. Geosuite eller Plaxis
  • ønske om å bli en god kollega og relasjonsbyggar
  • høg gjennomføringsevne
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

 

Kva tilbyr vi?

  • konkurransedyktige lønns-, pensjons- og forsikringsordningar
  • gode moglegheiter til å påverke din eigen og selskapet si utvikling
  • godt etablert og passe stort fagmiljø, der diskusjon og samarbeid står i fokus
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med rom for utvikling
  • fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og arbeidsstad
  • eit topp arbeidsmiljø
  • sosiale samankomster, turar og ekskursjonar
Arbeidsgiver: Sunnfjord Geo Center AS
 
Stillingstittel: Geoteknikar
 
Frist: Snarast
 
Ansettelsesform: Fast

 

 

Kontaktperson: Harald Risnes
Stillingstittel:Partner
Telefon: 417 41 333
 
Kontaktperson: Even Vie
Stillingstittel: Daglig Leder Sunnfjord
Telefon: 971 98 167