Studentar på timeløn – Eining for internasjonale relasjonar (studentassistentar)
Ved Eining for internasjonale relasjonar ser vi no etter fleire studentassistentar som kan vere ein del av eininga sitt førstelinjeteam for neste studieår. Vi ser både etter deg som kan starte til hausten, men også etter deg som er interessert i sommarjobb i tillegg.
Om Eining for Internasjonale Relasjonar:
Som ein del av Fellesadministrasjonen ved NTNU gjev Eining for internasjonale relasjonar rådgjevning og administrativ støtte til fakultet og institutt i saker knytt til internasjonal studentmobilitet, samt til internasjonale prosjekt og initiativ innanfor studieområdet. Vi fasiliterar og forvaltar avtalar med partnarar over heile verda, og er kontaktpunkt for både inn- og utreisande studentar gjennom heile mobilitetsløpet, forvaltar ulike stipendprogram og gjev hjelp til NTNU sine internasjonale masterstudentar gjennom deira studieløp. I tillegg yter vi administrativ støtte til ei rekke andre oppgåver innanfor NTNU si internasjonale verksemd på utdanningsområdet.
Om stillingane:
Dei som vert tilsett i stillingane vil vere eininga og NTNU sitt ansikt ut mot studentar, og vere essensiell i servicen vi yt til alle som tek kontakt. Du får hjelpe internasjonale studentar navigere det å vere ny student i Norge, og også hjelpe NTNU sine gradsstudentar som dreg på utveksling. Mottaksprogrammet som blir gjennomført i starten av kvart semester utgjer eit viktig arbeid for å gje dei nye internasjonale studentane ein god start på opphaldet sitt ved NTNU, og som studentassistent vil du møte dei både i informasjonsmøter, skogstur og under den store grillfesten for 1500 nye studentar.
Vi leitar etter:
- 1-3 stillingar med oppstart i vår etter avtale, sommarjobb i perioden juni-august, og vidare deltidsjobb gjennom studieåret 24/25
- 2 stillingar med opplæring i juni (ca 2 veker), fulltidsarbeid i vekene 31-33 og deltidsjobb gjennom studieåret 24/25
- Mogeleg også 1-2 stillingar med oppstart i september for deltidsjobb i studieåret 24/25
Sommarjobb vil vere eit fulltidsengasjement i perioden, eventuell ferie kan avtalast.
Studentassistentstillingane er estimert til eit timeomfang på 7-10t/veke i studiesemestera, med fleksible arbeidstider innanfor eininga sine kontortider. Det er også mogelegheit for utvida arbeid i feriar, etter avtale.
Arbeidsoppgåver vil til dømes vere
- Førstelineoppgåver: Handtering av spørsmål frå studentar, både skriftleg (epost/NTNUhjelp) og munnleg (resepsjonsoppgåver).
- Administrative oppgåver tilknytt studentmobilitet, til dømes ekspedering av dokumentasjon, og oppdatering og vedlikehald av studentinformasjon knytt til mobilitetsopphald.
- Oppgåver før og under mottaksveka for internasjonale studentar og den praktiske gjennomføringa av denne.
- Andre førefallande oppgåver innanfor eininga sitt område.
Oppgåvene varierer gjennom studieåret, og andre oppgåver kan bli lagt til stillingane.
Søkaren må ha
- Aktiv studierett ved NTNU i kontraktsperioden.
- Gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode kommunikasjonsevner
- God evne til å setje seg inn i digitale verktøy (god systemforståing)
Helst har du også ein eller fleire av desse punkta
- Gode norskkunnskapar
- Kjennskap til NTNU sine system og struktur
- Erfaring frå, eller interesse for, utveksling og internasjonalisering
- Interkulturell forståing eller kompetanse
- Kundehandsaming eller førsteline-erfaring
Som person kan det vere ein fordel å
- Like problemløysing
- Kunne trivast også når ting går kjapt
- Om du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
Det vil bli lagt vekt på om søkjaren er personleg egna/skikka til stillinga.
Vi tilbyr:
- Varierte og utviklande oppgåver innanfor eininga sine mange områder
- Brei erfaring i NTNU sine administrative prosessar
- Fleksible arbeidstider
- Inkluderande arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
Løn og vilkår:
Stillingane blir lønna ved lønnstrinn 26 (/28 med fullført bachelor). Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten. Etter tilsetjinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Generell informasjon:
Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.
Skriv ein kortfatta søknad om kvifor du er interessert i stillinga, og kva som gjer deg til det rette valet for oss. Legg ved CV, attestar, og eventuelt referansar. Husk å spesifisere kva for oppstartstidspunkt/engasjement du er interessert i.
Søknad og eventuelle spørsmål kan sendast til oppgitt epost.
Søknadsfrist: 10.04.2024
Søknadsfrist: 10.04.2024
Kontaktperson: Cesilie Welle
E-post: cesilie.welle@ntnu.no
Søknad sendast på epost saman med CV.
Sjå stillingsannonsen her:
Utdanningsnivå: Påbegynt bachelor/master (1.-3. år)
Type oppdrag: Studentassistent
Arbeidssted: Trondheim
Arbeidsoppgaver:
- Administrasjon og saksbehandling
- Internasjonale relasjoner og utviklingsarbeid
- Service- og publikumsarbeid
- Andre oppgaver